I mange borgalege heimar på tjuetalet sa man at Salmonsens Konversationsleksikon var som å ha ein hest i bokhylla. Lærmengda i permane tilsvara ein heil hingst. Det megalomane 24 bind store norsk-danske leksikon. Trykt av ein dedikert dansk boktrykkar – Isaac Salmonsen og hans namnlause bror. Tusenvis av artiklar om for lengst utdøydde dyr, ideologiar og mennesketypar.
Desse artiklane blei arkiverte live av Nicholas H. Møllerhaug & Espen Sommer Eide (aka Pilota – som tidlegare drifta Trollofonen, Klubb Pilota, Rural Readers m.m.) på Landmark 30.04.2011 – ved å bruke eit nytt digitaliseringssystem. Spesialutvikla for anledninga. Arkivmaterialet blei umiddelbart bli kommentert live av to legendariske sjangersprengande songarar: Jaap Blonk og Attila Csihar.